Se bestemor! Vi danser sammen


Museene danser har utvikla og produsert ei heilt ny vandreutstilling som skal på turné til tolv norske museum frå januar 2024 og ut 2026. Sommaren 2026 er utstillinga på Setesdalsmuseet.
31. mai - 31. august 2026
10:00
Setesdalsmuseet

 

Kurator og prosjektleiar Tone Erlien Myrvold er svært nøgd både med breidda i museumslandskapet og at utstillinga får møte publikum ved små og mellomstore museum over heile landet. Det er no mange museum i Noreg som arbeider aktivt med samværsdansen som immateriell kulturarv. Når turneen er gjennomført, vil heile 24 norske og 2 nordiske museum ha vist utstillingar produsert av Museene danser gjennom prosjektperioden.

Den nye utstillinga «Se bestemor! Vi danser sammen» har fått eit særleg vakkert og gjennomarbeidd uttrykk – noko som skuldast eit solid lag av fagfolk: tilsette ved Sff, lydkunstnar og teknikar Øystein Fjeldbo, og utstillingsprodusent Inger Christine Årstad.

For kvart museum skal det skapast lokalt innhald i form av video, tekst, foto og arkivmateriale. Dette skjer i tett samarbeid mellom Sff, museet sjølv og lokale danseentusiastar. Utstillinga skal òg vere ein levande møteplass for lokale danseklubbar og -lag, som kan bruke rommet til arrangement, kurs og framsyningar.

«Se bestemor! Vi danser sammen» har i tillegg ei nettutstilling der publikum kan utforske endå meir av arkivmaterialet frå dei ulike stadene. Nettutstillinga er dynamisk, og blir jamleg oppdatert medan hovudutstillinga vandrar frå museum til museum.