Sigurd Helle & Norway station


Frå hausten 1956 til nyåret 1960 var Sigurd Helle leiar av Norway station på Sørpolen. I sommar er siste høve til å sjå heile historien i utstillinga på Setesdalsmuseet.
01. januar - 11. august 2024
00:00
Setesdalsmuseet

Sigurd Helle & Norway Station       ANTARKTIS 1956-1960

Ekspedisjonen hadde som mål å byggje opp ein norsk stasjon for vitskapelege observasjonar på sørpolen. Det var Noreg sitt bidrag i det internasjonale geofysiske år «International Geophysical Year 1957-1958». Stasjonen vart brukt i tre år av den norske ekspedisjonen, som vart leia av setesdølen Sigurd Helle.