Slåttedag på Rygnestad
Velkomen til ein dag på Rygnestadtunet!
Laurdag 12. juli frå kl. 11.00 til ca. 14.00 inviterer vi til ein innhaldsrik dag med tradisjonelle aktivitetar og mykje moro for heile familien.
Kulturlandskap
12. juli - 12. juli 2025
12:00
Rygnestad museum
Program:
Ljåslått og hesjing: Sjå korleis slått og hesjing vart gjort i gamle dagar.
Sliping og bryning: Lær kunsten å halde ljåen skarp.
Aktivitetar for born: Mange kjekke aktivitetar for dei minste.
Felespel: Nyt vakker musikk frå dyktige spelemenn.
Historieforteljing: Høyr spennande forteljingar frå gamle dagar.
Gratis slåttegraut kl. 12.00!
Ta med heile familien og opplev ein dag fylt med tradisjon og glede. Vi gler oss til å sjå dykk på Rygnestadtunet!
Hjarteleg velkomen!