Velkomen til utstillingsopning


31, mai opnar Setesdalsmuseet to utstillingar! Løyni – mellom hender, vektar det prosessuelle ved tradisjonshandsverk, og viser korleis handlingsboren kunnskap blir overført mellom menneskehender. Utstillinga syner sylvsmedkunst, byggeskikk, drakttilvirking, vev og detaljar innan handverksprosessen, i tillegg til musikk og dans. Se bestemor! Vi danser sammen! er ei vandreutstilling kuratert av Senter for folkemuskk og dans. Det er ei interaktiv utstilling som tematiserer samværsdans i Noreg. Utstillingane opnar klokka 14:00. Det blir servering av setesdalssuppe. Velkomne, alle!
31. mai - 31. mai 2026
14:00
Bjugsbakk