Sommarjobb 2026
Har du lyst til å vere med på å vise fram setesdalskulturen i sommar? Setesdalsmuseet søker vertar og guidar til museet på Rysstad og til fleire av våre museum og tun i dalen. Om du trivast med å vere gjestfri og imøtekomande overfor gjestar, og er interessert i Setesdals kulturhistorie, har du sjansen til å få ein spennande, lærerik og variert sommarjobb.
Arbeidsoppgaver
Setesdalsmuseet er 20 mil langt og har 14 ulike besøksstader. Dei ulike stadene har litt forskjellige oppgåver. Den viktigaste oppgåva på alle plassene er å møte museumsgjestane, og vise dei omkring i utstillingar eller museumsbygg. Alle vertane driv med formidling, og på fleire av musea held verten omvising og formidlar historie. Sommarvertane våre får opplæring. Vi søker vertar til følgande stader:
- Bykle kyrkje og Lislestog
- Tveitetunet
- Museet på Rysstad
- Bygland museum
- Evjemoen forsvarsmuseum
- Fennefoss geomuseum
- Evje Mineralsti
- Iveland og Vegusdal Bygdemuseum
I søknaden må du skrive kor, når og kor mykje du kan jobbe. Søkjarar som kan arbeide på fleire stader og store delar av sommarsesongen, blir prioriterte. 22. juni er felles opplæringsdag for alle omvisarar. Du får også opplæring der du skal jobbe.
Kvalifikasjoner
- Gode munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk. Andre språkferdigheiter er ein bonus.
- Lærevilje og interesse for å formidle kultur og historie.
- Evne til å møte og snakke med mennesker.
- Om du kan folkemusikk, eller -dans er det veldig fint, men det er ikkje eit krav.
Personlige egenskaper
- Blid og omgjengeleg
- Serviceinnstilt og gjestfri
- Ansvarleg og påliteleg
- Fleksibel og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Opplæring og oppfølging
- Ein lærerik sommarjobb
- Verdifull erfaring med kundebehandling og kulturformidling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn etter tariff
Les meir og søk her.