Besøk oss
Ønskjer du å gjere noko ekstra ut av museumsbesøk eller ei vanleg museumsgjesting?
På Setesdalsmuseet kan små og store grupper få omvising i utstillingane og på tuna på dagtid og på kveldstid.
Vi lagar gjerne eigne opplegg / omvisingar til grupper som ønskjer å gjeste oss.
Billettprisar, omvisingar og besøkstider
Nye opningstider 2025
Setesdalsmuseet endrar opningstidene, og vil vere meir tilgjengeleg for fleire gjennom året. Vi inviterer til arrangement ein gong i månaden. I lågsesongen kan du avtale besøk ved å kontakte oss på post@setesdalsmuseet.no eller ringe 379 36 303. Gjennom heile året kan du også bestille omvisning. Velkomen!
1. januar - 4. mai: Ope ved eigne arrangement og ved bestilling
5. mai - 23. juni: Ope ved eigne arrangement, og måndag-fredag 10.00-15.00
24. juni - 11. august: Sommarsesong er i gong, og vi har ope kvar dag frå 10.00-16.00
12. august - 31 august: Rysstad er ope kvar dag frå 10.00-16.00. Resten av tuna er sesongstengt.
1. september - 1. oktober: Rysstad er ope ved eigne arrangement, og måndag-fredag kl. 10.00-15.00.
1. oktober - 31.12: Ope ved eigne arrangement og ved bestilling
For åpning / omvising utanfor sesong / kontortid koster det 1000 kr + billettar
Omvising / grupper
Grupper i åpningstid (måndag - fredag, min 10 pers): 40 kr pr. pers. Med omvising kr. 1000,- i tillegg.
Utanom åpningstid: 1000 kr + billettar kr. 40 pr. person (inkl. omvising.)
Gruppebesøk / omvising må avtalast på førehand.
Setesdalsmuseet Rysstad
Vaksne: 50 kroner
Barn (0-tom 19 år): gratis
Rygnestad museum
Vaksne: 40 kroner
Barn (0-tom 19 år): gratis
Bygland museum
Gratis inngang.
Bykle gamle kyrkje
Gratis inngang.
Huldreheimen
Gratis inngang.
Lislestog
Gratis inngang
Hovden Jernvinnemuseum
Gratis inngang.
Evje mineralsti
Vaksne kr. 125,-
Born til og med fylte 16 år kr. 100,-
Familie (foreldre + born til og med fylte 16 år): kr. 300,-
Evje og Hornnes museum Fennefoss
Vaksne: 40 kroner
Barn (0-tom 19 år): gratis
Evjemoen Forsvarsmuseum
Vaksne: 40 kroner
Barn (0-tom 19 år): gratis
Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Gratis inngang.
Omvisning for skule/barnehagar
gratis