Rygnestad museum


Nordigard Rygnestad har røter tilbake til middelalderen. Saman med historiene om segnhelten Vonde-Åsmund, er Rygnestad eit høgdepunkt på museumsvandringa gjennom dalen.

 

Rygnestad museum er no stengt for sesongen.

 

Nordigard Rygnestad er det mest populære museumstunet i dalen. I den eldste delen av våningshuset er det brukt tømmer frå eit hus som må ha vorte bygt ein gong før 1350, medan fjøset vart bygt så seint som på 1900-talet. Det budde folk i husa fram til 1919. Våningshuset og dei to lofta vart freda i 1923. Sidan 1940 har garden vore museum.

«Trihåglopt» ved siden av våningshuset er det einaste loftet med tre fulle etasjar som er att i dalen. Konstruksjonen er heilt eineståande, mellom anna fordi tredje etasje vart bygd først!

Litt lenger ned i bakken står det såkalla Rygnestadloftet, bygt av tømmerstokkar med uvanleg store dimensjonar. Lofta var alltid i to høgder, innreidde til oppbevaring av mat nede, tekstilar og andre fine ting oppe. På Rygnestad museum er det teke vare på middelalderkunst som eigne Vonde-Åsmund etter tradisjonen skal ha hatt med seg heim frå tida som leigesoldat nede på kontinentet.

Rygnestad og kulturlandskapet rundt er uvanleg godt bevart, og er difor valt ut som eitt av 32 særskilt utvalde kulturlandskap i Noreg.

 

Relaterte objekter

< Ølhøne

Ølhønene er ofte vakkert utforma med hovud og hale, og gjerne måla i sterke fargar.
Bilde av mufle frå Langeid i Bygland

Mufle >

Muflane er ofte vakkert broderte i tradisjonelle mønster.
Bilde av mufle frå Langeid i Bygland

< Hardingfele

Hardingfela er "nasjonalinstrumentet" i Setesdal.