Frå Bjugsbakk til BBC: Siljes musikk frå Løyni ut til millionar!
Stykket som blir spelt på radio heiter «Lokk». Det høyrer til sjangeren atmosfærisk, eller ambient musikk, og byggjer på opptak av Stina Hovet på hardingfele og Ole-Henrik Moe på fiolin. I tillegg er det brukt arkivopptak av Birgit Rike Lund som lokkar.
– Dette er laga som eit lydbilete til utstillinga Løyni. Eg klipper, vrir, vrengjer og strekkjer lydane slik at dei harmonerer med kvarandre. Eg legg òg inn prat. Å bruke lyd i utstillingar gir ei heilt anna kopling til gjenstandane. Det gir liv til det ein ser, og bryt ned etablerte båsar, seier Silje.
Singelen som kjem ut no, er den første frå albumet, som blir lansert 15. januar. Lanseringa skal vere på Nasjonalbiblioteket.
I katalogen til albumet er det brukt arkivbilete tekne av Leonard Jansen, mellom anna frå Rygnestadtunet, Tveitetunet og Huldreheimen. Det er òg nytta arkivfoto frå Nasjonalbiblioteket og Setesdalsmuseet.
Silje har plateselskapet Snick Snack Music i ryggen, som bidreg med omfattande støtte til promoteringa, særleg internasjonalt.
– Den første storyen dei la ut om singelen fekk over 400 likerklikk, fortel Silje.
Sjølv om folkemusikk og elektronika er populære sjangrar i dag, er det ingen andre som arbeider på akkurat same måte som Silje. Setesdalsmusikken har aldri tidlegare vore nytta på denne måten.
– Eg håpar derfor at konteksten kjem tydeleg fram på BBC. Eg er oppteken av å få fram at dette er musikk laga til ei utstilling, og at det er Setesdalsmuseet som står bak, ikkje berre meg som utøvar.
Silje meiner lyd kan tilføre utstillingar noko heilt eige.
– Eg synest det er veldig spennande å arbeide med lyd i utstillingar. Det finst sterke forventningar til kva musikk skal vere, og at han først og fremst skal underhalde. Å høyre desse spora åleine er for dei spesielt interesserte, men i ei utstilling opplevast det naturleg. Då kjem tonar og harmoniar fram i si reinaste form, og det kan gi dei som besøker utstillinga ei heilt personleg oppleving, seier ho.
Fotokredit hovedbilde: Anthony P. Huus